Aktuelt
bilde
Kontakt oss
Telefon:
Servicetorget: 74 39 33 00
Teknisk vakt: 468 47 864
E-post:
vikna@vikna.kommune.no
Postadresse:
Vikna kommune
Postboks 133, Sentrum
7901 Rørvik
Besøksadresse:
Engasvn. 27
7900 Rørvik
Eksterne linker
Forebygging norovirus
Publisert: 05.12.2019

Vi er på veg inn i ei tid som er høgsesong for omgangssjuke m.a. på grunn av norovirus. Norovirus er svært smittsamt og det er derfor tid for å minne om at god hygiene er det viktigaste førebyggande tiltaket. Grundig handvask med såpe og vatn og god kjøkkenhygiene er dei viktigaste førebyggande tiltaka mot norovirus.

Norovirus er den vanlegaste årsaka til smittsam mage-/tarmsjukdom (gastroenteritt), og er ansvarleg for minst 50 prosent av alle utbrot med magetarminfeksjon. Personar i alle aldersgrupper kan bli smitta og sjuke.

Symptom og smitte ved norovirus
Sjukdommen går vanlegvis over av seg sjølv etter 2-3 dagar hos elles friske personar. Det tek 12-48 timer frå ein blir smitta til ein blir sjuk. Symptoma er akutt kvalme, oppkast, magesmertar og diaré. Ein kan òg få feber, muskel- og leddsmertar og hovudverk. Ein er smittsam mens sjukdommen står på, men kan òg vera smitteførande i inntil 48 timar etter symptoma har gitt seg.

Fordi ein kan skilje ut smittestoff også etter at symptoma gir seg, er det ekstra viktig med god handhygiene i dei første dagane etter at ein har blitt frisk. Personar som handterer mat, skal ikkje vende tilbake til arbeidet før 48 timar etter at oppkast og diaré har gitt seg. Ungar i barnehage/småskole bør på same måte halde seg heime ved symptom og minst 48 timar etter at symptoma har gitt seg heilt.

Råd for å førebygge smitte med norovirus
Dei viktigaste førebyggande tiltaka mot norovirusinfeksjon er god hand- og kjøkkenhygiene. Med god handhygiene meiner ein grundig handvask med såpe og rennande vatn. Alkoholbasert handdesinfeksjon er mindre effektivt mot norovirus. Tilsølte flater kan tørkast opp og deretter reingjerast på vanleg måte med reingjeringsmiddel (klorin) og vatn. Alle berøringspunkt (toalett, dørhandtak, vask) må reingjerast på same måte.


Gi din kommentar !
Lagrede kommentarer:
Ingen kommentarer lagret
Hurtigvalg
Nyttig
Søk i nyhetene:
Innspill til dialog
Teknisk etat:
Sykkel/gangveg fra Rørvik til Marøya
Lagt inn 16.12.19
jon sandow:
sykkel/gangveg rørvik til marøya
Lagt inn 22.11.19
Teknisk etat:
Rundkjøring
Lagt inn 23.10.19
Guttorm Ingebrigtsen:
Rundkjøring
Lagt inn 03.10.19
Ingunn Lysø:
Svar vedr nytt gatenavn
Lagt inn 19.09.19
Nyhetsarkiv
Vikna kommunes hjemmeside oppdateres ikke etter 01.01.2020 (31.12.2019)
God Jul og Godt Nytt År (23.12.2019)
Vikna legekontor - Åpningstider i jula (23.12.2019)
Varsel om oppstart av planarbeid – Kråkøya – del av sone 7 – detaljregulering (17.12.2019)
Forebygging norovirus (5.12.2019)
Nærøysund kommune - Årsbudsjett 2020 drift og investering. Økonomiplan 2020-2023 (4.12.2019)
Frivillighetens dag (4.12.2019)
Vikna kulturskole (3.12.2019)
Vikna folkebibliotek - Åpningstider i jula 2019 (29.11.2019)
Frist for saksbehandling i Vikna og Nærøy kommune i 2019 (29.11.2019)
Ledig stilling - PPT (29.11.2019)
Ledige stillinger innen Helse- og velferd (29.11.2019)
Personvernerklæring (29.11.2019)
Høring - Forskrift om vann og avløpsgebyrer for Nærøysund (14.11.2019)
Kunngjøring (11.11.2019)
Se hele arkivet